Populære sporter
All sport
Vis alt

Dramatiske dagar for VIF-kapteinen: – Ganske forferdeleg

Oppdatert 15/11/2023 klokken 18:11 GMT+1

Laurdag vart Vålerenga seriemeisterar, og løfta trofeet til full jubel. For Ingibjörg Sigurdardottir var det ei heilt anna oppleving, då det var ein dramatisk situasjon for familien heime på Island.

Lada opp til gullkamp medan familien var evakuert: – Forferdeleg

– Det var ganske forferdeleg, for å vere ærleg.
Det seier Ingibjörg Sigurdardottir i Discovery-podkasten «Indre Bane» om dagen ho og Vålerenga sikra seriegullet i Toppserien.
Då Vålerenga-kapteinen løfta trofeet over armane for å feire framfor eit jublande heimepublikum, følte ho at det var feil. Heime på Island hadde nemleg familien blitt evakuert kvelden før, og levde i uvisse, på grunn av fare for vulkanutbrot.
– Eg skulle gjerne vore med familien på det tidspunktet, men eg var her og måtte gjere det beste ut av det, sjølv om det var veldig vanskeleg.
VG omtalte saka først.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Knutsen tatt på senga av Glimt-spissens antrekk: – Jeg måtte spørre

Ville ikkje stå over kampen

Sigurdardóttir er frå den vesle kommunen Grindavik i Island, med litt over 3.500 innbyggarar. Plassen er kraftigast ramma av jordskjelva på Island, og innbyggarane må leve i frykta for vulkanutbrot.
– Folk er veldig redde for at dei ikkje får flytta heim igjen og leve i det gode samfunnet vi hadde. Dei er trygge no, men dei veit ikkje kva som kjem til å skje framover.
Sjølv om kapteinen var svært prega av situasjonen, tenkte ho aldri på det som eit alternativ å stå over gullkampen.
– Det var vanskeleg, men eg er veldig glad for at eg bestemte meg for å spele kampen. Då fekk eg ei sjanse til å gå inn i mi eiga verd, og ikkje tenke så mykje på alt. Om eg ikkje hadde gjort det, trur eg berre at eg hadde dratt heim og følt meg forferdeleg, slik eg har gjort alle andre dagar, fortel Sigurdardottir.
Vålerenga gjekk sigrande ut av kampen 3-1. Sigurdardóttir legg ikkje skjul på at situasjonen i heimkommunen prega ho på bana.
– Eg tenkte på om det hadde vore betre for laget om eg ikkje var på bana, for eg følte meg så dårleg. Det gjekk fint, men eg vil ikkje spele ein kamp som det igjen.

Gode år i klubben

Forsvarsspelaren kom til Vålerenga i 2020. Sidan då har laget blitt seriemeistarar to gongar, vunne cupfinalen to gongar, og ligg no an til å klare «the double», som vil seie at ein både vinn serien og cupfinalen. I tillegg kom laget til play-off i Champions League tidlegare i haust, men vart slått ut av Real Madrid.
– Eg kan ikkje klage på tida mi her. Det er ein spesiell klubb, og eg er veldig glad for å vere ein del av det.
26-åringen trur det er éin spesiell grunn til at Vålerenga har hatt slik suksess dei siste åra.
– Heile klubben har jobba veldig hardt med å førebu oss så mykje vi kan. Vi starta allereie i fjor med å spele kampar mot gutar i midten av veka, for å førebu oss mot augneblinken då vi hadde Champions League i midten av veka. Det følast bra å vere i ein klubb som bruker så mykje krefter på alle dei små tinga.
Høyr heile episoden av Indre Bane her:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame