Populære sporter
All sport
Vis alt

Annonserte troppen mot Glimt – norsk stjerneskot ute

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 04/10/2023 klokken 08:04 GMT+2

Antonio Nusa er ikkje ein del av troppen som reiser til Bodø for Conference League-kampen.

Nusa takker tidligere Stabæk-trener: – Han har hjulpet meg mye

Onsdag annonserte Club Brugge troppen sin til Conference League-kampen mot Glimt på sine heimesider. Der var ikkje namnet til Antonio Nusa å sjå.
18-åringen har sidan førre landslagssamling, der han debuterte med både mål og assist, slitt med ryggplager. Han har difor ikkje vore i aksjon for Club Brugge dei siste fire kampane.
Tysdag vart Nusa på nytt tatt ut til troppen som skal representere Noreg i EM-kvallikkampane mot Kypros og Spania.
– Det er eit spørsmålsteikn ved Nusa om kvar han er i løypa. Han trener, men får han ingen kampar før samlinga, blir det vanskeleg, sa Ståle Solbakken på pressekonferansen.
Tidlegare Glimt-spelarar Hugo Vetlesen og Philip Zinckernagel får eit gjensyn med gamleklubben fredag, då dei er ein del av troppen som reiser til Bodø.
Sett denne?
picture

Får drømmetreff: Se scoringen «alle» snakker om

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame