Populære sporter
All sport
Vis alt

Landmark Tandrevold fekk revansj – leverte kjemperenn på heimebane

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 01/03/2024 klokken 14:31 GMT+1

Både Ingrid Landmark Tandrevold og Ida Lien gjekk inn til ein pallplass i Holmenkollen.

Dette har Tandrevold gjort etter VM: – Høres kanskje litt rart ut

Dei norske kvinnene fekk det ikkje til å stemme heilt i VM. Det var dermed ein revansjelysten gjeng som skulle konkurrere i Holmenkollen fredag.
Ingrid Landmark Tandrevold leverte nesten eit feilfritt løp, og tok sigeren.
– Det var fantastisk kjekt å gå i dag. Vi hadde utruleg gode ski, og det var folk som heia på meg overalt. Det var rett og slett eit skikkeleg morosamt comeback etter VM, sa Tandrevold til NRK etter målgang.

La vekk våpenet

27-åringen starta på best mogleg vis, og skaut fullt hus på dei tre første skytingane. Ho hadde ei klar leiing før siste skyting.
På fjerde skyting gjekk ho på ein bom, men gjekk likevel ut i leiinga.
Ida Lien leverte også eit kjemperenn, og stod med 19 av 20 treff. Ho gjekk inn i mål 32 sekund bak Tandrevold, men svenske Elvira Öberg klarte å snike seg inn mellom dei to norske skiskyttarane. Dermed vart det ein tredjeplass på Lien.
– Eg klarar ikkje heilt å fatte det. Eg trur vi har trengt å kome heim, kople av frå skiskytinga og slappe av. Gjere andre ting, rett og slett, sa Lien til NRK, som også hadde eit skuffande VM.
Etter VM valde både Lien og Tandrevold å leggje bort våpenet i ein periode.
– Det er veldig lett for at ein startar med litt vranglære. At ein prøver meir og meir, men så har ein faktisk svaret rett framfor nasetippen. Ein gjer det litt vanskelegare enn det er, og då gjeld det å ta litt distanse frå ski og skyting. Då kan ein heller vere hundre prosent påskrudd når ein er i gong igjen, seier Tandrevold til Discovery.

Kunne utfordre

Franske Justine Braisaz-Bouchet leverte godt på dei to første skytingane. Med ei høg fart i sporet såg ho ut til å kunne utfordre Tandrevold, men på tredje skyting gjekk ho på to bom.
Heller ikkje på siste skyting fekk VM-vinnaren det til å stemme, og ho måtte tole endå ein bom.
Braisaz-Bouchet gjekk i mål 1 minutt og 25 sekund bak Tandrevold, sjølv med tre tilleggsminutt.
Sett denne?
picture

Holdt seg unna våpenet etter VM: – Veldig deilig å la det ligge


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame