Norsk ryttar viste storform før OL – til topps i Belgia

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 12/06/2024 klokken 18:03 GMT+2

Søren Wærenskjold vann første etappe av Baloise Belgium Tour.

Kopierte fjorårets bragd: – Tyngre i år

  • Sjå andre etappe av Belgia rundt torsdag frå 15:15 på Max!
Belgia rundt vart opna med ei tempoetappe på tolv kilometer. Der hadde Uno-X-ryttar Søren Wærenskjold den raskaste tida.
– Det er ei kanonavslutning av Søren Wærenskjold. Flodhestkraft for alle pengane, sa Discoverys sykkelkommentator Theis Magelssen.
Wærenskjold, som ofte blir kalla «flodhesten frå Mandal», var to sekund raskare enn Mathias Vacek på andreplass.
Sjå intervju med Uno-X-ryttaren øvst i saka.

Kopierte fjoråret

Uno-X-ryttaren vann tempoetappen av Baloise Belgium Tour i fjor også.
– Eg trur faktisk det var tyngre i år. Eg klarte ikkje heilt å finne rytmen, slik eg gjorde i fjor, for det var litt kortare i år, sa Wærenskjold i sigersintervjuet.
Sykkelrittet varer fram til søndag, og ryttarane skal gjennom fem etappar.
– Vi prøver berre å ta etappe for etappe. Det er vanskeleg å seie på fjerde etappe om eg har beina til å følge dei beste gutane. I fjor gjekk det bra, men eg trur det er litt betre konkurranse i år. Vi får sjå. Eg skal prøve å spurte på dei neste to etappane, seier Wærenskjold om planane vidare i rittet.

Skal sykle OL

24-åringen er tatt ut til OL i Paris i lag med Tobias Foss. Dei skal sykle både tempo- og landevegsritt.
Tidlegare onsdag vann norske Torstein Træen fjerde etappe av Sveits rundt, medan Alexander Kristoff vart nummer to i Tour of Slovenia.
– Det er ein stor norsk sykkeldag. Wærenskjold held fram den fantastiske dagen, sa Magelssen.
Sett denne?
picture

Hylla avdød kollega etter sin første proffsiger: – Veldig spesielt


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame