Populære sporter
All sport
Vis alt

Rørte ikkje ein tennisball på to år – enkelt vidare i comebacket

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 08/08/2023 klokken 21:45 GMT+2

Danske Caroline Wozniacki gjorde comeback meir enn tre og eit halvt år etter karriereslutt. Tennisspelaren vann kampen, og gjekk trygt vidare.

Caroline Wozniacki.

Foto: Getty Images

  • Følg Casper Ruud, og resten av tenniseliten, i Masters 1000-turneringen i Toronto på discovery+ og Eurosport.no.
Caroline Wozniacki - Kimberly Birrell (6-2, 6-2).
Gjennom karrieren til den danske tennisspelaren Caroline Wozniacki, har ho vore rangert som nummer ein i totalt 71 veker, vunne Australian Open i 2018 og vore i finalen i US Open to gonger. I 2020 valte ho å legge opp som tennisspelar, og det tok over to år før ho var borti ein tennisball igjen.
Det var difor overraskande for mange då 33-åringen i slutten av juni delte at ho vendte tilbake til tennissporten, etter å ha vore pensjonist i over 3,5 år. Sidan den gong har Wozinacki fått to barn, som etter planen skal vere med mora rundt på turneringar.
– Eg har ingenting å tape. Eg har allereie gjort så mykje i karrieren min, og kryssa av dei fleste måla eg hadde satt meg. Eg er her fordi eg elskar å konkurrere, fortel Wozniacki til arrangøren i forkant av comebacket.

Trygt vidare

Tysdag fekk dansken comebacket sitt i WTA 1000-turneringa i Montreal. Der møtte ho australske Kimberly Birrell, som er rangert som nummer 115 i verda.
Der strålte den tidlegare verdseinaren, og vann 6-2, 6-2.
– Eg føler eg gjer det bra på trening, og at det kjem til å gå fint så lenge eg er der ute, sa 33-åringen på ein pressekonferanse før kampen.
Danske Ekstra Bladet var imponert over prestasjonen i comebacket:
– Ho er sjølvsagt nummer 115 på verdsrankinga, men det er ein veldig oppmuntrande start på comebacket. Backhanden og nøyaktigheita sit der framleis.
Med sigeren mot Birrell, er Wozniacki vidare til neste runde i turneringa. Der møter ho vinnaren av kampen mellom Marketa Vondrousova (10) og Mayar Sherif (33).

Får ros

Fleire kollegaer har stor respekt for den danske tennisstjerna etter at ho offentleggjorde comebacket.
– Eg synest det er ein vakker ting at vi kvinner kan få barn og kome tilbake. Ho er ein fantastisk person, og god i tennis. Eg ser verkeleg fram mot å møte ho, seier Bianca Andreescu (41) til danske TV 2.
Den danske tennisstjerna Holger Rune roser også Wozniacki:
– Det er superspennande. Eg var overraska over at ho spelte så godt, men ho er veldig målretta. Eg er sikker på at ho kjem til å gjere det bra, seier Rune til danske TV 2, etter at dei to tennisspelarane hadde trena i lag i Monaco.
Wozniacki har fått «wildcard» til turneringa i Cincinnati i USA veka etterpå. Deretter venter Grand Slam-turneringa US Open i New York i slutten av månaden. Der har ho store ambisjonar:
– Kan eg vinne US Open? Det trur eg. Kan eg vinne Australian Open? Det trur eg. Det er difor eg gjer dette, så får vi sjå kva som skjer, sa ho då ho offentleggjorde comebacket til magasinet Vouge.
Sett denne?
picture

Ruud med favorittnummeret på baseballdrakt: – Den er jo fet, da

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame