Populære sporter
All sport
Vis alt

Følg kampen mellom Casper Ruud og Taylor Fritz

T. Fritz vs C. Ruud | Roland-Garros
Single menn | 4. runde | 03.06.2024 | Court Suzanne-Lenglen
Fullført
T. Fritz (12)

C. Ruud (7)
66
6
4
2

78
3
6
6
Direkte
Liveoppdatering
Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 03/06/2024 klokken 22:21 GMT+2


Takk for følget og velkommen tilbake på onsdag!
Kvartfinalen mellom Djokovic og Ruud vil bli spelt onsdag, og du kan sjå den på Max!
Dermed er Casper Ruud vidare til kvartfinale i Roland-Garros! Der vil han møte Novak Djokovic.
Game 8: Der sit den! Ruud tar gamet og vinn kampen!
Dermed er Ruud berre eitt game unna ein kvartfinale!
Game 7: Fritz verker å ha det tøft no. Ruud får sitt andre blanke servegame på rad.
Game 6: Ruud bryt! Han får ein breakmoglegheit, og den utnyttar han til det fullaste. Fritz får ikkje til å løfte ballen heilt, og slår rett i nettet. Dermed går nordmannen opp til 4-2.
Fritz og Ruud har no spelt i tre timar og 20 minutt.
Game 5: Nok eit blankt servegame på Ruud!
Game 4: Det står no 2-2.
Fritz er tilbake.
Fritz forlet bana igjen. Skal nok kanskje ha meir behandling etter den medisinske timeouten tidlegare i kampen.
Game 3: Ruud leverer to strake serveess, og kan gå opp i leiinga igjen.
Game 2: Fritz leverer framleis gode server, og tar dette gamet.
Game 1: Det blir ein jamn start på settet, men Ruud kjem seg gjennom.
Fjerde sett er i gong og Ruud skal serve.
Sett 4:
Game 10: Ruud får fire setballar i dette gamet, og på den fjerde sit den! Ruud tar det tredje settet, og er berre eitt sett unna kvartfinale!
Klarer Ruud å bryte tilbake no?
No står det 5-4 og Fritz skal serve.